HYGIENE, TRYGGLEIK OG SERVICE

På Lustrabadet har me fokus på hygiene, tryggleik og service. Me ynskjer at alle badegjestar skal trivast og føle seg ivaretatt!

Alle badar på eige ansvar. Me har kameraovervåking under og over vatn. Ha eit auge med kvarandre, og foreldre må spesielt sjå etter sine barn. Me er her om noko skulle skje og yte kvalifisert fyrstehjelp ved uhell. Personar må vurdere eiga helse i forhold til høg temperatur på vatnet (27-39 gradar), høg luftfuktigheit (55%) og høg lufttemperatur (30-31 gradar).

Barn under 10 år, eller ikkje symjedyktige, ha følgje av ein symjedyktig, badande vaksen over 18 år som passar på i bassenget. Ein vaksen kan ha oppsyn med maks 3 born under 10 år samtidig.

TRIVSELSREGLAR LUSTRABADET

  • Det er skofri sone frå kafeen; ta skoa med inn i garderoben til skohyllene eller garderobeskapet ditt. Vent med å ta dei på til du er i kafeen igjen.

  • Ein skal dusje utan badeklede. Badekleda skal vere reine.

  • Heile kroppen og hår skal vaskast med såpe før ein går i bassenget

  • Det er ikkje tillate å bade med boxershorts, anna undertøy eller andre klede.

  • Babyar eller barn på bleiestadiet skal bruke tett badebukse/badebleie. Ver spesielt oppmerksam om barnet har vore på land over lengre tid, ein bør då sjekke bleia før barnet går i bassenget igjen. Har barnet vore dårleg i magen? Vent med bading !

  • Me oppfordrar til å bruke badehette!

  • Langt hår? Då er det påbode med badehette eller håret i strikk. Legg att hårklemmer og spenner i garderoben!

  • Hugs å dusje etter at du har vore i badstovene, og hugs å drikk vatn!

  • Kamera og mobiltelefon er ikkje lov i bassengområde eller garderobar, kun etter avtale.

  • Symjebriller og dykkarmaske er lov. NB! Må vere av typen ikkje-knuseleg glas!

  • Snorkel og symjeføter er ikkje lov å bruke av sikkerheitsmessige årsakar.

  • Det er forbode å springa i dusj- og bassengområdet. Vått golv kan vere glatt, og dette kan medføre fare for deg sjølv og andre.

  • Mat og drikke skal kun nytast ved bord. Medbrakt mat er ikkje lov.

  • Bruk av snus og tyggegummi er ikkje tillate i symjehallen.

  • Fotvorte? Bruk reine sokkar!

  • Plaster fjernast før ein går i bassenget. Opne sår er ikkje akseptabelt av omsyn til smitte og infeksjon.

  • Lustrabadet er ikkje ansvarlig for attgløymte/bortkomne gjenstandar. Me anbefalar å låse inn alt av verdisaker i skåp. Attgløymte ting tek me vare på i 2 veker.

  • Synleg berusa eller støyande personar som sjenera andre blir vist bort.

  • Vis omsyn til andre besøkande.

  • Følg skilting og rettleiing frå badevaktene.

  • Overtreding av reglane kan medføre bortvisning/erstatningskrav frå Lustrabadet.