Badebursdag

Bursdag er kjekt, både i liten og stor alder! Kvifor ikkje feire bursdagen på Lustrabadet?

Badebursdag kan bestillast alle dagar!

I feriar og på heilagdagar kan moglegheita for badebursdag falle bort.

Her kan du laste ned invitasjon til badebursdag.

Informasjon

  • Pizza er ikkje inkludert i prisen. Det kjem i tillegg, men med 15% rabatt 🙂

    Det er ikkje mogleg å bruke årskort med denne pakken.

    Minimum antal på bursdagsbadarar er 8 stk.

    Max antal er 21 stk.

    På grupper over 12 stk., må ein vere min. to vaksne (på dei over 10 år)

    Badebursdag må bestillast seinast 4 dagar i førevegen.

    Bestillinga er bindande både på mat og tidspunkt.

    Minst 1 symjedyktig badande vaksen pr. 3 born dersom borna er under 10 år eller ikkje symjedyktige.

    Er borna over 10 år, utan fylje, skal dei vere symjedyktige.

    Alle som skal ete og bade må betalast for, også vaksne som er med som vaktar for born (dei som ikkje badar går gratis inn)

    Om det er born med i barnebursdagen som ikkje skal bade, må ein betale 80 kr.

  • De får ferdig dekka bursdagsbord nede på møterommet vårt i kjellaren.

    Matserveringa skjer mellom  kl. 11.00 og 15.00 på laurdag og søndag.

    Betjeninga på Lustrabadet serverar mat og drikke, elles har føresette ansvar for «at alt går rett føre seg»

    Pizzaen er 40 cm og delt i 8 stykker. Kor mange pizza/pølser ein treng, må ein vurdere sjølv.

    Anna bursdagsgodis som de ønskjer å gje ut, blir utlevert ved avreise.

    DRIKKE EIN KAN VELJE MELLOM ER :

    – Raud saft

    – Eplejuice

    I tillegg får ein saftis eller sjokoladepinne!

    Det må vere ein betalar. Kake kan medbringast!

  • 180.- pr. person (pris for alle aldersgrense)

    Inkludert i billetten er:

    Juice/raud saft, ispinne, leige av møterom, servering av mat, pådekking/opprydding og badebillett.

BESTILLINGSSKJEMA