Fasilitetar

  • Velværebasseng

    Etter ei lang økt med aktivitet er det godt å slappe av litt. Her på Lustrabadet har me varmebasseng med benkar med luft og vatnmassasje. Vatnet held 34 grader.

  • Grotta

    Grotta, eit mørkt rom med nydelege fargar. Med godt og varmt vatn. 39 deilege grader som gjer til at kroppen din får ein velfortjent premie.

  • Stupetårn

    Tårnet har følgande satsar:

    • 1m sviktbrett

    • 3m sviktbrett

    • 3m betong

    • 5m betong

  • Idrettsbasseng

    Idrettsbassenget er på 25 meter lengde og 12,5 breidde. Det kan delast opp med seks baner. Vanntemperaturen ligg på ca 27-28 grader.

  • Barnebasseng

    Barnebassenget er for alle. Flott basseng der ein har god oversikt, og ein fin plass for å lære å symje og dukke. Vatnet held 33 grader.

  • Babybasseng

    Bassenget for dei minste. Kos deg med babyen eller det minste barnet. Lita sklie er god undehaldning, saman med fontena. Vatnet held 33 grader.

  • Varmekulp

    39 grader, massasjedyser, utsikt mot Hest. Wow… berre… wow!

  • Kaldkulp

    Greitt å få kjølt seg ned også. 12-14 grader i vatnet.

  • Store sklia

    65 meter med rein moro! Greier du å ta rekorden??

  • Lille sklia

    Lita, kjapp og morosam! Skal ikkje meir til :)

  • Steambadstove

    45 grader i steamen.. nydeleg og forfriskande.

  • Badstova

    Klassisk sauna der 80 deilege grader behandlar kroppen. Mogleg å fylle på meir vatn for å få litt meir steam.

  • Garderobe, dusj og WC

    Me har herregarderobe, damegarderobe og 2 fleirbruksgarderobar. Alle garderobane har dusjar. Det er viktig at alle vaskar seg med såpe før dei går i bassenga, slik held huda seg rein og ein sleppe lukte klor etter besøk.

    Alle skåp kan låsast enten med 10,- eller pollett.

  • Klatrevegg

    Kjem du deg til topps for så å hoppe nedatt i vatnet? Prøv da vel! :) Moro for alle aldrar!

  • Stolar og bord

    Inne i badet har me ein del stolar og bord ein kan nytte. Her kan ein nyte ein god pizza, god drikke eller anna godt ein får kjøpt i kaféen.

  • Badebutikk

    Badebutikken har badetøy i alle størrelsar, badebleier, badeleiker, symjebriller og mykje meir. Beco Sport er vår leverandør av badeutstyr.