Badebursdag

 

Ta med deg venner og familie og feir dagen din i Lustrabadet!

Badebursdag kan bestillast på laurdag og søndag.

I feriar og på heilagdagar kan moglegheita for badebursdag falle bort.

MAT OG DRIKKE

De får ferdig dekka bursdagsbord nede på møterommet vårt i kjellaren.

Matserveringa skjer mellom  kl. 11.00 og 15.00 på laurdag og søndag.

Betjeninga på Lustrabadet serverar mat og drikke, elles har føresette ansvar for «at alt går rett føre seg»

Pizzaen er 40 cm og delt i 8 stykker. Kor mange pizza/pølser ein treng, må ein vurdere sjølv.

Anna bursdagsgodis som de ønskjer å gje ut, blir utlevert ved avreise.

 

DRIKKE EIN KAN VELJE MELLOM ER :

– Appelsinjuice

– Eplejuice

I tillegg får ein saftis eller sjokoladepinne!

Det må vere ein betalar.
Kake kan medbringast!

PRIS FOR BADEBURSDAG

180.- pr. person (pris for alle aldersgrense)

Inkludert i billetten er:

Juice, ein ispinne, leige av møterom, servering av mat, pådekking /opprydding og badebillett.

VIKTIG!!

Det er ikkje mogleg å bruke årskort med denne pakken.

Minimum antal på bursdagsbadara er 8 stk.

Max antal er 21 stk.

På grupper over 12 stk., må ein vere min. to vaksne (på dei over 10 år)

Badebursdag må bestillast seinast 4 dagar i førevegen.

Bestillinga er bindande både på mat og tidspunkt.

Minst 1 symjedyktig badande vaksen pr. 3 born dersom borna er under 10 år eller ikkje symjedyktige.

Er borna over 10 år, utan fylje, skal dei vere symjedyktige.

Alle som skal ete og bade må betalast for, også vaksne som er med som vaktar for born (dei som ikkje badar går gratis inn)

Om det er born med i barnebursdagen som ikkje skal bade, må ein betale 80 kr.

Er det fleire bursdagsborn, er det viktig at det  kun er ein kontaktperson å forholda seg til for oss på Lustrabadet.

Alle som ynskjer badebursdag, må fylle ut skjema på heimesida vår. Me ynskjer å ha alt skrifteleg, slik at me unngår missforståingar.

 

Påmelding: