Nyheit

Baby- og småbarnssymjing hausten 2020

By november 7, 2019 No Comments

Ny runde med kurs;

Baby- og småbarnssymjing !

For påmelding : http://lustrabadet.no/baby-smabarnssymjing/

Babysymjing nybyrjarkurs føljande datoar : 

Tysdag 25.aug, 1, 8, 15, 22 og 29  sept pause 6 okt pga haustferie så 13 og 20 oktober

Nybyrjar 3-6 mnd : 10.00 – 10.30

Nybyrjar 6 – 12 mnd : 10.30 – 11.00

Det vert 8 kursdagar med babysymjing, tidspunkt kan bli justert etter antal påmeldingar

Barnet skal vere min. 3 mnd og 4 kg.

Målet med babysymjing er og gjere barna trygge i og under vatn. Det bidreg til å utvikle barnet både motorisk og sosialt.

Babysymjing vidaregåande på føljande datoar

Tysdag 25.aug, 1, 8, 15, 22 og 29  sept pause 6 okt pga haustferie så 13 og 20 oktober

Vidaregåande 6 – 12 mnd :     11.00 – 11.30

Vidaregåande 12- 18 mnd :    11.30- 12.00

Det vert 8 kursdagar med babysymjing, tidspunkt kan bli justert etter antal påmeldingar.

For å delta på vidaregåandekurs må ein ha vert gjennom nybyrjarkurset.

 

Kurset er i varmebassenget som held 34 gradar. Før ein begynner på kurset, kan de gradvis venne babyen til ein badetemperatur mot 34 grader. Aldri prøv å dykke barnet heime eller i bassenget utan kyndig veiledar tilstades!

Me anbefala å bruke badebukser på babyen då det er lettare og sjå om han/ho har «gjort i buksa» enn om ein bruker eingongsbadebleie. Då minskar det òg sjansen for uhell i bassenget. Slike har me for sal i badebutikken

Me ønskjer at barnet er min. 3 mnd og/eller 4 kg.

 

For påmelding : http://lustrabadet.no/baby-smabarnssymjing/