Råd frå legen

 

Råd for å unngå hudproblem ved bruk av bassengbad

Bruk av bassenga i Lustrabadet er bra for helsa, men nokre personar vil oppleve hudproblem.

Dette er kløe i huda, utslett og tørr hud. I tillegg er det en del som får eksem med infeksjon i øyregangane. Det er nokre bakteriar som trivst godt i det varme vatnet. Sjølv om Lustrabadet kan dokumentere lågt bakterieinnhald i vatnet vil ein del oppleve plager.

KVA KAN EIN GJERE FOR Å UNNGÅ PLAGER?
  1. Sørg for å vaske kroppen godt med såpe i dusjen før du går i bassenget. Død hud som ligg på huda vil reagere ekstra på klor.
  2. Unngå å halde øyrene under vant i dei 2 varmaste bassenga ( grotta og ute bassenget).
  3. Bad med måte. Ikkje bruk for mange timar i badet om du har følsam hud, lang opphaldstid aukar risikoen for hudproblem. Får du tørr hud bør du bruke fuktigheits krem.
  4. Vask huda godt i dusjen når du er ferdig.
  5. Har du problem med øyrene er det lurt å bruke hår fønar for å tørke ut væsken der. Bakteriane likar det godt når det er fuktig.
  6. I alle offentlege bad og garderobar kan ein få smitte av fotvortar  som er ein virussjukdom i huda. Det er lurt å tørke fotsolen godt før du tar på sokkane etter badet.

 

Får du større plagar bør du ta kontakt med fastlegen.

RÅD OM SÅR OG FOTVORTER

 

  • Sår i hud som ikke er tilhelet skal ikkje gå i bassenget.
  • Sår med bandasje skal ikkje gå i basseng. Bandasjer kan være vanntette, men tåler dårlig opphold i vann over tid og spesielt ikkje ved fysisk aktivitet. Der er risiko for smitte til såret av bakterier i vann/anlegget. Det kan være smitterisiko til andre, selv om den er liten.

«Jeg vurderer det som dårlig hygiene å gå med åpne sår i et offentlig basseng. Barn og voksne som har det bør finne andre aktiviteter for fysisk aktivitet i perioden.

Fotvorter er relativt lite smittsomt. Det viktigste er å tørke seg godt på beina når en har vært i badet. Det forebygger infeksjonen med vortevirus.»

Knut Cotta Schønberg

Kommuneoverlege