Fasilitetar

PÅ LUSTRABADET

Her på Lustrabadet finn ein aktivitetar og attraskjonar for store og små.

Idretts- og Familieavdelinga

 

På Lustrabadet finn ein aktivitetar og attraksjonar for både store og små. Me har blant anna eit Idrettsbasseng med seks baner på 25 meter, Stupetårn på 1, 3 og 5 meter, klatrevegg samt ei 65 meter lang sklie med tidtakingssystem. Du finn også ei kort og bratt droppsklie, samt små barne- og knøttebasseng med luftbobler, fontene og sklie.

Velværeavdelinga

 

Etter ei lang økt med aktivitet er det godt å slappe av litt. Her på Lustrabadet har me varmebasseng med benkar med luft og vatnmassasje, Grotta, som er eit mørkt rom med godt og varmt vatn samt skiftande fargelys. Me har også utekulpar, der eine er iskald og den andre god og varm. Etter ein tur ute er det kanskje lurt å varme seg i ei god dampbadstove eller ein tradisjonell badstove.

GARDEROBER

Damegarderobe: Med eiget omskiftningsrom og låsbare skap.

Herregarderobe: Med eiget omskiftningsrom og låsbare skap.

Fleirbruksgarderober: 2 stk for familie eller personer med nedsatt funksjonsemne.

UTSMYKKING

Thomas Morel

Thomas Morel er født og oppvokst i Den Bosch i Holland. I 2004 flytta han med familien til Feios ved Sognefjorden. Seinare slo han seg ned i Bergen med sambuaren Frida Berdal. Han har kontor i Bergen, men utgangspunktet kjem alltid til å vere vetle Feios i Sogn og Fjordane, der sambuaren og kjem frå.

 

Thomas Morel invisterte i et digitalt Hasseblad kamera og Broncolor studiolys-system  i 2007 og starta opp TMstudios. Som tidligare turnar falt interessa hans raskt på å fryse bevegelsar som er for raske for menneske å sjå.

No er han kjend for å fange ekstraordinære og raske augeblink på ein svært detaljrik og dramatisk måte.

 

Thomas sin lidenskap kan forklarast slik:

Eit spektakulert hopp kan vere vakkert når du ser det i heile sin samanheng,

men kan mista verdien sin når det er fryst inn i eit augeblink av evigheit.

Den verkelege kunsten av fotografering er å vere i stand til å fange opp det eksakte korte augeblink der bevegelsen er på sitt beste, og som likevel gir ære til noko som i utgangspunktet er ein samanhengande rørsle.

 

Når me i Lustrabadet har jobba med Thomas, har me følt eit fantaskisk endasjement og lidenskap for fotograferina og prosjektet. Til tross for eit nivå av teknisk meistring og visjon som vanlegvis kjem med mange års erfaring, har han ingen utdanning innan fotografering. Det er nemlig lidenskapen som har teke ham dit han er i dag.

Morel bruker ingen store Photoshop justeringar, viss nokon, er det berre mindre fargejusteringar eller multi-shot montage.

Som et resultat har han opparbeida seg kundar over heile verda og hatt oppdrag i New York, Hawaii, Canada og sjølvsagt Nederland for nemne noko.

 

Biletene av Thomas Morel er å finne i blant anna kafèen, dusjane, ved idrettsbasseng og ved badstovene.

Marianne Heske

Marianne Heske (f.1946) reknast i dag som ein av Noregs fremste nålevande kunstnarar. Internasjonalt er ho mest kjent for verket «Gjerdeløa» (1980), ei norsk trehytte frå 1800-tallet midt i Centre Pompidou i Paris.

Marianne er utdanna ved Bergen Kunsthåndverkskole, École Superieure des Beaux-Arts i Paris, Royal College of Art i London og Jan Van Eyck Academie i Maastricht. Ho har hatt utstillingar i Cité Internationales des Arts i Paris, Henie-Onstad Kunstsenter, Bergen Kunstforening og Galleri F15 i Moss. I 1993 var ho festspillutstiller i Bergen. Marianne Heske er representert i samlinga til blant andre Museet for Samtidskunst, Nasjonalgalleriet, Henie Onstad Kunstsenter og Ville de Paris. Ho har i tilegg til dette representert Norge i dei nordiske paviljonger ved Biennalen i Venzia, Biennalen i Sao Paolo og ved Verdensutstillingen i Hannover.

Marianne arbeidar innan ein rekke forskjellige medium, blant anna videokunst, installasjon og grafikk . Innan grafikken arbeidar ho med litografi, videolitografi og silketrykk. Marianne fikk sitt internasjonalt gjennombrot med computermaleri. Dette er maleri som har sitt utgangspunkt i videoopptak av landskap. Opptaka blir digitalisert eller overført til datamaskin. Utifrå dette materialet lages enorme panoramabileter.

Fellestittelen på bileta i Lustrabadet er ”Mountains of the Mind”. Dei er tekne på Sognefjellet, i Hurrungane og ved Sognefjorden.

Bileter av Marianne Heske finn du ved varmebassenget.