Nyheit

Treningssamling 8. – 11. august 2019, Gol IL svømmegruppa

By august 8, 2019 No Comments

Frå torsdag 8.august til søndag 11. august vil det vera ekstra mykje aktivitet i idrettsbassenget vårt.

Da kjem ein fin gjeng med ivrige symjarar frå Gol IL for å lada opp til neste sesong.

Dei vil opphelda seg i idrettsbassenget på føljande tidspunkt :

Torsdag 14.00 – 16.00

Fredag 10.00 – 11.00 og 17.30 – 19.30

laurdag 10.00 – 11.00 og 15.00- 17.00

Søndag 10.00 – 11.00

Dei nyttar 2 – 3 baner, så på desse tidspunkta vil 5 meteren vere stengt og tidvis 3 meteren.

Håpar de tek vel imot dei, og kanskje ein kan plukka opp nokre tips og triks .