NyheitSISTE NYHENDE

Stilling ledig

By april 12, 2019 No Comments

Vil DU vere med i vårt flotte team av BADEVERTAR?

 

Fast stilling 24,87 %

Vikariat 58,92 %

(frå snarast tom 03.02.2020 )

Tilkallingsvikarar frå medio august

 

Lustrabadet kan tilby ein spennande og variert arbeidskvardag der ein møter masse hyggelege badegjestar.

Den me er på jakt etter har eit vinnande vesen som liker å ta i eit tak, og som tek tryggleik og reinhald på alvor!

Oppgåvene til badeverten

Rullerande arbeidsoppgåver:

  • Tilsyn i badeanlegget og monitorvakt
  • Dagleg reinhald på heile bygget
  • Drift av kafé og resepsjon

Kven er du?

  • Fylt 18 år og ikkje redd for vatn! Må kunne dykka på 4 meter.
  • Sjølvstendig og ha evne til å ta initiativ, men fungerer òg godt i team.
  • Positiv og engasjert samt glad i varierte arbeidsoppgåver.
  • Serviceinnstilt og omgjengeleg, men òg evne til å sette grenser.
  • God munnleg og skriftleg norsk.
  • Gjerne gjennomført livredningskurs, førstehjelpskurs eller hjertestartarkurs, men det er ikkje eit krav. Det blir gitt grundig opplæring.

 

Tiltreding: snarast.

Løn og pensjonsordning i h.h.t. kommunalt avtaleverk.

Send søknad med CV og kopiar av attestar til sivmerete@lustrabadet.no eller Lustrabadet, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne.

Kontaktperson; Siv Merete Marås; 95844876

Søknadsfrist: fredag 26. april