Nyheit

Ledige stillingar

By juli 23, 2018 No Comments

 

 

Vil DU vere med i vårt flotte team av BADEVERTAR?

 

Faste stillingar (12,68%, 28,64 % og 42,72%) og nokon med erfaring som babysymjing instruktør

Lustrabadet kan tilby ein spennande og variert arbeidskvardag der ein møter masse hyggelege badegjestar.

Den me er på jakt etter har eit vinnande vesen som liker å ta i eit tak og som tek tryggleik og reinhald på alvor!

 

Oppgåvene til badeverten

 Rullerande arbeidsoppgåver;

  • Tilsyn i badeanlegget og monitorvakt
  • Dagleg reinhald på heile bygget
  • Drift a kafé og resepsjon
  • For fast stilling og tilkallingsvakter kan det vurderast og berre inkludere kafé og reinhaldsoppgåver.

Kven er du?

  • Fylt 18 år og ikkje redd for vatn! Må kunne dykka på 4 meter.
  • Sjølvstendig og ha evne til å ta initiativ, men fungerer òg godt i team.
  • Positiv og engasjert, samt glad i varierte arbeidsoppgåver.
  • Serviceinnstilt og omgjengeleg, men òg evne til å sette grenser.
  • God munnleg og skriftleg norsk.
  • Gjerne gjennomført livredningskurs, førstehjelpskurs eller hjertestartarkurs, men det er ikkje eit krav. Det blir gitt grundig opplæring.
  • Må ha politiattest.

Tiltreding: 12,68% og 28,64% stillingar snarast.

42,72% stilling frå 1. september 2018

Løn og pensjonsordning i h.h.t. kommunalt avtaleverk.

Send søknad med CV og kopiar av attestar til daglegleiar@lustrabadet.no eller Rådhusvegen 1, Rådhuset, 6868 Gaupne.

Kontaktperson: Dagleg leiar Harriet Susan Hamilton Frøiland, tlf. 918 57 201.

Søknadsfrist: laurdag 4. august 2018