Arkiv

HEILE LUSTRABADET OPE IGJEN!!!

By oktober 7, 2017 No Comments

Lustrabadet: Lustrabadet har vore under oppussing sidan 21. august. Laurdag 7.oktober kan alle badegjestene vår glede seg til å symja igjen i idrettsbassenget. No er heile anlegget ope!

Lustrabadet skulle eigenleg opna velværeavdelingen allereie den 2. september, men dette vart utsett fram til den 14. september, på grunn av to vekers forseinkingar i oppussingsarbeidet.

I samband med vårt 5-års jubileum no i oktober, ynskjer me å invitera alle kundane våre og samarbeidsparnera til stor feiring laurdag 28. oktober. I 2012 når me opna snødde det, men mottoet vårt er: finst ikkje dårleg vêr berre dårlege kler. Og inne er det alltid syden temperatur! Det vert ein dag full av aktivitetar for store og små.

Opningstider i haustferien (veike 41) måndag – fredag: 10-19, helg: 10-17