Hei!

Eg heiter Harriet Susan Hamilton Frøiland, er gift og trebarnsmor.
Eg har kombinert bachelor og mastar grad innanfor leiing,
internasjonal forretning og økonomi frå både England og Frankrike.
Dei siste 14 åra eg tileigna meg brei internasjonal arbeidserfaring
som gründer, dagleg leiar og sjølvstendig næringsdrivande av ein
klesbutikk i Sveits, gründerverksemd med forretningsutvikling innan
telekommunikasjon i Gambia og omfattande arbeidserfaring frå
offentleg norsk forvaltning gjennom rettleiar –og konsulentstillingar
i mellom anna NAV og Statens lånekasse for utdanning. I dei ulike
stillingane har eg blant anna opparbeida meg kompetanse innan leiing,
forretningsutvikling, økonomisk forvalting og controlling, kundeservice
og marknadsføring. Til stillinga som dagleg leiar på Lustrabadet kan
eg i tillegg bidra med høg arbeidskapasitet, stå på-vilje, høg motivasjon
og evner til å få det beste ut av medarbeidarar.

Stillinga som dagleg leiar på Lustrabadet i vil kunne gje meg unike
personlege og profesjonelle vekst– og utviklingsmoglegheiter med ei
rekke spanande tverrfaglege utfordringar. Spesielt ser eg fram til
mogelegheita til å bli kjend med dei tilsette på Lustrabadet, lokalmiljøet
og lokale organisasjonar i Luster kommune. Eg håper og trur på på eit
rikande samarbeid med dykk alle. Saman med dykk ønskjer eg å føra
det flotte badet vidare!

Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva!

Beste helsingar,

Harriet